Framtidas Krig
Conference Paper
Sandvik, Kristin Bergtora (2013) Framtidas Krig, presented at Framtidas Krig, Bergen, 16/10/13.
Morgondagens angrepsdronar vil sjølv kunne ta avgjersler om liv og daud. Korleis endrar dronar og informasjonsteknologi krigens natur?
Fjernstyrte krigsrobotar har på eit tiår revolusjonert moderne krigføring. Dei har vore brukt i skarpe operasjonar av Storbritannia, Israel og særskild USA, og er til stades i arsenalet til dei fleste stormaktene. Den teknologiske utviklinga er rivande: snart vil krigsrobotar kunne fungere uavhengig, utan å trenge menneske bak spakane.
Samstundes er det opna ein ny skuggefront på verdsveven. Mange vestlege land rapporterer stadig om nettbaserte angrep frå båe hackargrupper og andre nasjonar. Supermakta USA har erklært at kyberangrep frå andre land er ei krigshandling, men har også sjølv blitt skulda for vidfemnande ulovleg overvaking av vener og fiendar.
Kristin Bergtora Sandvik er seniorforskar ved PRIO og ekspert på dronekrig. Mass Soldal Lund er førsteamanuensis ved Forsvarets ingeniørhøgskule. Saman skal dei gi oss eit blikk inn i det tjueførste århundrets krig.
Event page at facebook.com
Authors
Research Professor in Humanitarian Studies